Tuesday, November 20, 2007

Vinter på Hoem

Endelig litt snø.... Fantastisk følelse når snøen ligg tung over hustaka, og det einaste som bryt den kvite flata på markene e spor etter hjorten. Då e d berre å kome se heimover snarast råd! På grunn av ymse skader rundt sesongslutt, he d vorte begrensa m tura i år. Men det gjer berre at'n sett større pris på dei få turane ein rekk over.
Med 40 cm snø va d berre å hive ungane i bilen og peike den mørbanka nasen heimover.

Sunday, September 30, 2007

Dugnad i solveggen

Sommaren he ikkje akkurat vore den tørraste, så ei helg med finever kom godt med. Stillaset he stått oppe sia midt i fellesferien, og no fekk me endele sjansen te å hive på eit par strøk med måling. Men e d ikkje typisk....når fineveret kjem, so e huseigaren handikappa og hoppe rundt på krykker. Men det gjorde ingenting... Største problemet vart å skaffe nok målarkosta! Kompisgjengen stilte villig opp og brukte berre 2 tima på å dekke veggen! 2 strøk med saftig Drygolin ska vel berge huset gjennom vinterstormane her på Sunnmøre.









Huseigaren fungerte som arbeidsledar, strategisk plassert i fluktstol i hagen!

Ein stor takk te alle som sprang i stillaset dessa dagane!!

Friday, September 21, 2007

God fortsettelse på jakta!

Må vel legge ut eit bilde av kolla som datt laurdagskvelden. Godt nøgd med første veka i jakta :D

Thursday, September 20, 2007

Krykker og sykkel.

Som mange sikkert he fått me se, so he i vore ganske plaga med skader av ymse slag opp gjennom åra.. Det he nok mykje å gjer med innsats i forskjellige idretta, so d e ikkje so mange bein igjen i kroppen som e urørte. Fot, tå, hæl, kne, ribbein, fingra, skulder, rygg, nase og hauskallen... Håplaust vil nok mange meine, men i velge å sjå positivt på det og vinkle det mot min etterkvart store kunnskap innen anatomi :D
Siste skot på stammen e asso ein delvis avreven leggmuskel. Dåkter'n meinte at fotballsesongen iallefall va over, trist men leit.
I dessa krykke-tider bjynde i asso å lure på om i ska finne me ein ny hoved-sport. Dåkter'n meinte sykling va bra restitusjon for leggen, men han sa ikkje nåkkå om ka sort sykling...tabbe!! Downhill sykling, va nåkkå av d første so ramla inn i hauet på me :D Så no står terrengsykkel på handlelista, og i dag meldte i me jammen på Birkebeinar'n 2008, 91 km på sykkel i terreng..
Kort sagt: "I e romsdaling i....e'kje so lur i..."

Thursday, September 13, 2007

God start på jakta!

Etter lang tids venting, og kribling i avtrekkarfingeren og radioøret, va endelig hjortejakta der! Samtlige nattlige teljetura støtta opp om teorien vår om at det e bra med dyr på øya. 12 dyr skulle fellast, og i skrivande stund he me allereie felt 8 av dei! Knallstart! Etter ei litt uheldig morgonjakt første dagen, fekk i derimot rikele med flaks utpå kvelden. Fekk sjansen te å legge ned ein stor og fin 8-taggar. Bukken datt, og sikra med det at dei største bukkane får herje rundt i fortsatt nokre sesongar ;) Eit par ekstra oppheng for kjeledressa i garasjen, kjem også godt med!! Hvis jakta blir tidle ferdig her ute, so blir det og meir tid til jakting i romsdalsterrenget :)

Friday, August 17, 2007

Kveldsfiske etter makrell

Stemningsbilde frå ein sein kveld på Klubben. 25-30 store makrella greide me å lure på land.

Snorkling på Krogsholmane


Ny dag, nye muligheta, ny runde med snorkling. Sveinisen ha gått t anskaffelse av harpun, so me måtte ut og prøve. Mest kamskjell so vart fangsten denna gongen. Begge to fekk tydele merke at d va mykje brennmanet i sjøen dessa dagane, men tøffe kara syt aldri!
Og e d nåkken so vil høre soga om storhummaren og undebuksa so e d berre å spør ;)

Friday, July 6, 2007

Snorkling på Flem

Etter ein lang og heit arbeidsdag, fann me ut at me måtte kjøle oss ned litt. I og Sveinisen leita fram våtdrakter, svømmeføte, maske og snorkel, og satte kursen mot yste Flem. Sveinisen e lommekjent i området ettersom han i sine yngre år dagleg sulla rundt i tang og tare, på jakt etter skumle pakkar frå det store utland. Våtdraktene passa bedre i fjor, fann me fort ut, og tenkte over alt me he pakka i oss av mat i løpet av det siste året...
Etter nokre akrobatiske krumspring fekk me på oss kobbe-kamuflasjå vår, og va klare for det middels kalde vatnet. Sveinis minte sine daga i krigen då han vart "Navy Seal" etter eit sokalla intensivkurs. Med stor rutine og svømmeføte på, leda han an ut i Tare Mare By.

Etter dei synsinntrykka i henta inn på nokre meters djupne, so he i no bestemt me for å investere i vanntett kamera, so i kan forevige dei interessante grønkrabbesituasjonane me rota oss opp i. Kobb-etterlikninga mi ute på Skarveberget, va visst heller ikkje so verst, meinte Sveinisen...

Alt i alt, ein strålande dag på yste Flem, der fangsten begrensa se t 14 grønkrabbe, 7 kreps, ei flyndre, og ein 14 toms Philips undervanns-TV.

Tuesday, June 26, 2007

Gone fishing....

Endelig ein fridag.... ein herlig søndag...må utnyttast godt. Etter eit par forslag rundt frokostbordet, stemte ungane einstemmig i at dei ville på Klubben og fiske. Fiskestenger, stormkjøkken, ungane og kaffekanna vart planta i bilen, og me svei avgårde.

Va vel Marion so sto for den beste fiskelykka denna dagen, men me andre gjorde no nokre bra forsøk me au. Etter at stormkjøkkenet va leita fram, tomatsuppa kokt og oppeten, so sovna undertegna på berget...

Ein strålande dag, med fornøgde og utslitne unga i etterkant.

Sunday, June 3, 2007

Tur på Skulen

3.juni vart det arrangert fellestur i regi av Nordøy IL, til toppen av Skulen her på Longva. Ein heil del tok turen til toppen i strålande solskin og rikele med plussgrader.
Men soklart so måtte no i finne på litt ekstra, og spasere me ut på dei brattaste plassane.
Står her på Skulenibba, med ein god del meter rett ned. Fjørtofta i bakgrunnen.

Tuesday, May 22, 2007

The Rock

Her e eit stort mål for sommaren, denna steinen ska bestigast!! Kan ikkje fatte at i ikkje he oppdaga'n før. Ligg midt i jakt- og fisketerrenget, godt gjømt i ein liten elvedal ;) Stod plutsele foran me under sauesankinga i fjor haust...

4x4 meter, og 10 meter høg. Sommarens utfordring ;)

Sunday, May 20, 2007

Hoemstinden

Etter mykje stillesitting på grunn av diverse idrettsskader, va d på tide m ein skikkele fjelltur igjen. Ole Thomas takke aldri nei t ein tur-invitasjon, og Tessie blånekta heller ikkje. I strålande ver la me optimistiske ut for å bestige Hoemstinden. Må berre innrømme at d e nåkken år sia sist i va på toppen, sjøl om i liksom regne detta som "mitt" fjell... Etter 5 veke med ribbein-rehabilitering, so merka i au kjapt at kondisen kunne vore eit par hakk bedre. Men i veg bar det...

Seterstien vart raskt tebakelagt før me bjynte på klatringa opp Eggen. Tessie leda an, og viste oss at vår forhåndsbekymring for bikkje-forma va totalt grunnlaus.

Frametter Eggen so kom ei litt anna bekymring snikande. Heile den planlagte ruta opp Hoemstinden va dekka av ein stor skavl. Men som dei halvtulne romsdalingane me e, so hoppa me i det med begge føtene. Klatringa va hard, men belønninga venta på toppen: ei fantastisk utsikt frå verdas finaste fjell..


Då va det berre nedturen igjen, men som mange gonga før so viste nedturen se å ver ein skikkele opptur ;) Hmm....to kara, ei bikkje, ein stor skavl og alvorle bratt nedoverbakke. Det må berre bli gøy ;)


Vel nede venta ein ferdig fyrt badestamp med 40 varme i vatnet. Rekreasjon for kropp og sjel!!


Når resten av snøen kryp tebake, e d igjen klart for fleire tura, med fiske, klatring og stooore naturopplevelsa. Vil du vere med så heng på ;)

Skogstur på Hoem

Jezjez, e ikkje kvar dag i oppdatere denna bloggen nei...sku gjerne sagt at i love å skjerpe me, men d e vel å ta litt hardt i ;) Men i ska iallefall gjer mitt beste!

Ein strålande laurdag i mai, satt heile familien og ruga innendørs. Ka e vel då vedre enn å ta steget utandørs? Med besten på veaskogen, fann me ut at eit "indianer-besøk" va tingen. Med kamuflasjeduk og pølser labba me i vei for å skremme han besten. Tvila på me skremte'n so gale, men gøy va d.

Ein ekte indianertur kan ikkje ver uten bål. Svartkjelen med kaffe på bålet, røyken midt i fjeset, og med pølse og pinnebrød....kan det bli bedre?

Innimellom pølsegrilling og øving på indianerhyl kan det ver godt med ein pust i bakken :)



Monday, March 19, 2007

Hybelkanin!


...og for dei som lure, so e asso detta 1/4 av avkommet til Nattmat 2...

I he'n!!!

Jez, då he asso ho Heidi vore so snill å sende stafettpinnen videre te me i denna "sjølvutleverings-leiken". 6 underlige ting om me sjøl, burde vel ikkje ver so vanskele, og for dei som kjenne me, so e d vel ingenting som sjokkere lenger...


1. Makk i ræva.... Greie ikkje å sitte i ro over lengre tid, he alltid nåkkå som ska gjerast. 270% stilling, fotball, jakt og fiske, samtidig som i prøve å ta vare på familie og venna. E fullbooka ca ut Juli, med unntak av ein halvtime midt i Mai.


2. Trur kanskje i e litt sta.... He ein vane for å gjer ting på min egen måte, og nekte å høre på andre innspel... Sjølgjort e velgjort!!


3. "Gal mann". Det e ein kommentar i he hørt ofte. Tenke ofte ikkje lenger enn nasen... He vel nesten knekt det som e å knekke i kroppen... nasen, fingra, ribbein, fot, tå, hauskallen.... E ikkje spesielt lur nei ;)


4. Folk påstår at i ligne på han Petter Solberg... Kan vel kanskje hende, måtte faktisk skrive autograf når i landa på Værnes i haust ;) Håpe berre i e bedre å prate engelsk enn han....


5. Gjorde ei knallhard prioritering for nokre år sia, som mange meine va heilt bak mål, men som i e strålande fornøyd med no :) Stod på farta og sku t USA og flyge jagarfly, men valgte å bli heime m familien og bygge me opp eit solid studielån. Jaja, vart no iallefall historisk ;) Bildet vise ein veeeeeldig go grunn t å holde se heime :)


6. E av dei som syng og skråle når i trur i e åleine. Jobba med hørselvern og P3 på full guffe, då AC/DC satte i gang med "Back in Black". I tok'n heilt ut! Skråla i vei av full hals, og vrengte luftgitaren lengre enn fysisk mulig! Hoppa rundt...... og såg plutselig ein gjeng med dresskledde engelskmenn frå Rolls-Royce i Portsmouth som sto og flira peika....



E vel kanskje ikkje nåkken av dessa punkta som sjokkere så veldig, men det e sånn i e, halvtullen, og tek me sjøl veldig lite seriøst :D

Va egentlig litt gøy å skrive ned detta her.....hehe


Inn på oppløpssida, klar t neste veksling.....og......Kai Henrik, du he'n ;)

Wednesday, March 7, 2007

Isfiske på Tresfjorden

Gamlekarane sei at det e 12 år mellom kvar gong Tresfjorden frys, og dei bomma ikkje so staure gale då. Sist va i 1994 då me tilbrakte 2 veke vinterferie på sjøisen, berre avbrutt av ein liten tur te Lillehammer for å fryse litt i løypene.


I år fraus det heilt ut t Sætre og me benytta anledninga te å få oss ein dag på isen. Fisket va elendig, men livet va herlig :D



Legg merke t heimgarden te høgre i bakgrunnen.

Hjortejakta 2006



Stemningsbilde frå hjortejakta i fjor :D Snart e det tid for skadefelling av grågås, so det klør i avtrekkarfingern!


Tuesday, March 6, 2007

Isfiske på Hoemsfjellet

Det va ein strålande februardag i romsdalen. Klårveret jaga oss ut av gostolen, og minusgradene surra sammen nasehola. Stormkjøkken, isfiskeutstyr, maggot og seternøkla i sekken...må berre bli bra!

I, Ole Thomas og Tessi La i vei med godt mot, og skikkele trua på storfangst. Målet va Urvatnet, der me he hatt rikele me fiskelykke før, både sommar- og vinterstid. Me trudde vel på forhånd at Tessi sku få kjempe i motbakkane, men det viste se fort at me tobeinte ikkje va i den storforma me trudde me va. Bra d va rikele m tørt skift i sekken.

Etter nåkken obligatoriske drikkepausa, med saft og kvit sjokolade nærma me oss endelig setra. Kaklinga frå steggen som tok te vingane tyde bra for komande jaktsesong :D

Seterbua stod på same plassen som sist, og isboret vart lasta opp før me fortsatte turen mot vatnet.

Urvatnet hadde heller ikkje flytta på se, og me leita oss fort fram te dei gamle goe mea. 95cm is, so me fekk iallefall varmen i oss med litt sveiving. Maggoten vart kjapt lada, og senka ned i isvatnet. Spenninga va t å ta og føle på, og då Ole'n nappa opp ei rekord-kree etter berre 2 minutt trudde me verkele at standarden va satt for dagen! Trua va der, men flaksen va d verre med. Etter eit par tima på isen måtte me søke tilflukt i urane og få varmen i oss igjen før nedturen. Tessi va heller ikkje heilt begeistra for fjelltrekken, og tilbrakte mesteparten av tida på fanga våre med nasen nysgjerrig peikande ned i isholet.

Etterkvart satte me nasen heimover igjen, med 5 overraskande store kree i sekken.

Ein strålande tur, som gjer godt å tenke tebake på når kontorkvardagen innhenta me igjen...