Monday, March 19, 2007

Hybelkanin!


...og for dei som lure, so e asso detta 1/4 av avkommet til Nattmat 2...

I he'n!!!

Jez, då he asso ho Heidi vore so snill å sende stafettpinnen videre te me i denna "sjølvutleverings-leiken". 6 underlige ting om me sjøl, burde vel ikkje ver so vanskele, og for dei som kjenne me, so e d vel ingenting som sjokkere lenger...


1. Makk i ræva.... Greie ikkje å sitte i ro over lengre tid, he alltid nåkkå som ska gjerast. 270% stilling, fotball, jakt og fiske, samtidig som i prøve å ta vare på familie og venna. E fullbooka ca ut Juli, med unntak av ein halvtime midt i Mai.


2. Trur kanskje i e litt sta.... He ein vane for å gjer ting på min egen måte, og nekte å høre på andre innspel... Sjølgjort e velgjort!!


3. "Gal mann". Det e ein kommentar i he hørt ofte. Tenke ofte ikkje lenger enn nasen... He vel nesten knekt det som e å knekke i kroppen... nasen, fingra, ribbein, fot, tå, hauskallen.... E ikkje spesielt lur nei ;)


4. Folk påstår at i ligne på han Petter Solberg... Kan vel kanskje hende, måtte faktisk skrive autograf når i landa på Værnes i haust ;) Håpe berre i e bedre å prate engelsk enn han....


5. Gjorde ei knallhard prioritering for nokre år sia, som mange meine va heilt bak mål, men som i e strålande fornøyd med no :) Stod på farta og sku t USA og flyge jagarfly, men valgte å bli heime m familien og bygge me opp eit solid studielån. Jaja, vart no iallefall historisk ;) Bildet vise ein veeeeeldig go grunn t å holde se heime :)


6. E av dei som syng og skråle når i trur i e åleine. Jobba med hørselvern og P3 på full guffe, då AC/DC satte i gang med "Back in Black". I tok'n heilt ut! Skråla i vei av full hals, og vrengte luftgitaren lengre enn fysisk mulig! Hoppa rundt...... og såg plutselig ein gjeng med dresskledde engelskmenn frå Rolls-Royce i Portsmouth som sto og flira peika....



E vel kanskje ikkje nåkken av dessa punkta som sjokkere så veldig, men det e sånn i e, halvtullen, og tek me sjøl veldig lite seriøst :D

Va egentlig litt gøy å skrive ned detta her.....hehe


Inn på oppløpssida, klar t neste veksling.....og......Kai Henrik, du he'n ;)

Wednesday, March 7, 2007

Isfiske på Tresfjorden

Gamlekarane sei at det e 12 år mellom kvar gong Tresfjorden frys, og dei bomma ikkje so staure gale då. Sist va i 1994 då me tilbrakte 2 veke vinterferie på sjøisen, berre avbrutt av ein liten tur te Lillehammer for å fryse litt i løypene.


I år fraus det heilt ut t Sætre og me benytta anledninga te å få oss ein dag på isen. Fisket va elendig, men livet va herlig :D



Legg merke t heimgarden te høgre i bakgrunnen.

Hjortejakta 2006



Stemningsbilde frå hjortejakta i fjor :D Snart e det tid for skadefelling av grågås, so det klør i avtrekkarfingern!


Tuesday, March 6, 2007

Isfiske på Hoemsfjellet

Det va ein strålande februardag i romsdalen. Klårveret jaga oss ut av gostolen, og minusgradene surra sammen nasehola. Stormkjøkken, isfiskeutstyr, maggot og seternøkla i sekken...må berre bli bra!

I, Ole Thomas og Tessi La i vei med godt mot, og skikkele trua på storfangst. Målet va Urvatnet, der me he hatt rikele me fiskelykke før, både sommar- og vinterstid. Me trudde vel på forhånd at Tessi sku få kjempe i motbakkane, men det viste se fort at me tobeinte ikkje va i den storforma me trudde me va. Bra d va rikele m tørt skift i sekken.

Etter nåkken obligatoriske drikkepausa, med saft og kvit sjokolade nærma me oss endelig setra. Kaklinga frå steggen som tok te vingane tyde bra for komande jaktsesong :D

Seterbua stod på same plassen som sist, og isboret vart lasta opp før me fortsatte turen mot vatnet.

Urvatnet hadde heller ikkje flytta på se, og me leita oss fort fram te dei gamle goe mea. 95cm is, so me fekk iallefall varmen i oss med litt sveiving. Maggoten vart kjapt lada, og senka ned i isvatnet. Spenninga va t å ta og føle på, og då Ole'n nappa opp ei rekord-kree etter berre 2 minutt trudde me verkele at standarden va satt for dagen! Trua va der, men flaksen va d verre med. Etter eit par tima på isen måtte me søke tilflukt i urane og få varmen i oss igjen før nedturen. Tessi va heller ikkje heilt begeistra for fjelltrekken, og tilbrakte mesteparten av tida på fanga våre med nasen nysgjerrig peikande ned i isholet.

Etterkvart satte me nasen heimover igjen, med 5 overraskande store kree i sekken.

Ein strålande tur, som gjer godt å tenke tebake på når kontorkvardagen innhenta me igjen...