Friday, July 6, 2007

Snorkling på Flem

Etter ein lang og heit arbeidsdag, fann me ut at me måtte kjøle oss ned litt. I og Sveinisen leita fram våtdrakter, svømmeføte, maske og snorkel, og satte kursen mot yste Flem. Sveinisen e lommekjent i området ettersom han i sine yngre år dagleg sulla rundt i tang og tare, på jakt etter skumle pakkar frå det store utland. Våtdraktene passa bedre i fjor, fann me fort ut, og tenkte over alt me he pakka i oss av mat i løpet av det siste året...
Etter nokre akrobatiske krumspring fekk me på oss kobbe-kamuflasjå vår, og va klare for det middels kalde vatnet. Sveinis minte sine daga i krigen då han vart "Navy Seal" etter eit sokalla intensivkurs. Med stor rutine og svømmeføte på, leda han an ut i Tare Mare By.

Etter dei synsinntrykka i henta inn på nokre meters djupne, so he i no bestemt me for å investere i vanntett kamera, so i kan forevige dei interessante grønkrabbesituasjonane me rota oss opp i. Kobb-etterlikninga mi ute på Skarveberget, va visst heller ikkje so verst, meinte Sveinisen...

Alt i alt, ein strålande dag på yste Flem, der fangsten begrensa se t 14 grønkrabbe, 7 kreps, ei flyndre, og ein 14 toms Philips undervanns-TV.