Thursday, June 12, 2008

Med fiskestang i handa...

Blir så utruleg rastlaus av å gå sjukemeldt....lei, lei og lei.
Fekk ordre med doktoren å holde me i aktivitet, og gjer ting eg syntes var gøy. Kva er vel då bedre enn å ta seg ein liten fisketur. Etter ei veke heime, i strålande solskinn, tenkte eg at ein tur på Hoemsfjellet kunne vere tingen. Var faktisk så optimistisk om veret at eg tok med tur-hengekøya mi, for å verkeleg slappe av i fin natur. Mamma er eigentleg ganske oppgitt over meg, eg skal liksom ut på tur i ver som gjer at dei fleste med fornuften i behold held seg innandørs. For når eg kom heim til Olasgarden og sjekka meldingane, viste dei store nedbørsmengder og sterk kuling. Heilt supert tenkte eg, pakka sekken og la i veg!
Var som vanleg innom seterbua på veg oppover, og tok med oteren, for å prøve fiskelykka i Trollvatnet. Etter ei stund med god stigning var eg framme ved Trollvatnet, berre for å oppdage at pappa sin spådom var korrekt: fortsatt islagt.
Etter ein kjapp matbit i Røvar-hola tok eg vegen ned til Måsvatnet igjen.


Eg sette opp teltet under Store-steinen og prøvde fiskelykka. Måsvatnet var og delvis islagt, så det vart dårleg med fangst denne dagen. I staden var bålkaffen under hellaren svært fristande. Fekk og besøk av Ole Thomas og Tessi utpå kvelden. Mens regnet hølja ned i strie straumar, sat vi lunt og tørt under hellaren.

Natta var hard vermessig, men teltet holdt nok ein gong stand mot naturkreftene. Etter ein god frokost ved bålet, sette eg kursen nedover igjen. Prøvde fiskelykka i Urvatnet, og hala i land to fine kree på spinnar.
Mange seier eg er litt tullen, og eg byrjar av og til å lure litt sjølv og. Nedturen i høljregn vart ein gjennomvåt opplevelse, men heile vegen gjekk eg med eit glis om munnen, og nynna for meg sjøl på ein god og treffande klassikar:


"Mange blir så deppa på en våt og guffen regnværsdag,

men det blir ikke jeg da blir jeg tvertimot i kjempeslag.

Med fiskestang i handa, med regnfrakk og sydvest,

med lunk på kaffekanna, da liker jeg meg best...."


Kjempetur!!!