Sunday, September 27, 2009

Storbukken, ei utruleg jaktoppleving

"Pusten holdt jeg, sto og lyttet, hørte knirken av hans hov, så av ene hornet grenene. Derpå varsomt mellem stenene frem på buken jeg meg flyttet. Gjemt i røsen opp jeg glytte, slik en bukk, så blank og fet. Skulle du vel aldri set!
Det smalt! Bukken stupte bums i bakken. Men i samme stund han falt, satt jeg skrevs på bukkeryggen, grep ham i det venstre øre, ville nettopp kniven kjøre bakom skolten inn i nakken. Hei! Da skrek an vilt, den styggen, sto med ett på alle fire, slo meg med et akterkast ut av neven kniv og slire, skruet meg om lenden fast, stemte hornene mot leggen, klemte meg som i en tang, dermed satte han på sprang bent fremover Gjendin-eggen!”

Dette er kanskje verdas mest kjente jakthistorie, av storskrønaren Peer Gynt. Men etter helgas opplevelse, er eg nesten redd for sjølv å bli stempla som storskrønar:
Vi skulle eigentleg berre ein tur heim til Hoem, for å feire bursdagen til Mari saman med Besta og Besten. Men eg forlet sjeldan øya utan våpen, spesielt i jaktsesongen. Laurdag ettermiddag, mamma sin risengrynsgraut i magen, lett regn og sofaen var veldig god. Eg var lenge i tvil om eg skulle stikke nasen utanfor døra, men det er eg glad eg gjorde.
Turen vart ikkje lang. Etter å ha skremt opp tre dyr altfor tidleg, skjønte eg at dyra sto lavt i terrenget i dag, og her var berre å ta det roleg. Målet var fjellsida mot Eggen, men så langt kom eg meg aldri. Eg fekk nok ein gong betalt for å drive smygjakt fram til posten.
Midt i granfeltet trudde eg ikkje det eg såg: Ein stor bukk som ligg og markerar på skogbotnen, 6 meter framom meg!!! Tida stoppa…trur eg… Eg veit ikkje kor lenge eg stod der urørleg, før bukken væra meg, eit minutt kanskje. Bukken gjorde eit byks og stilte seg opp på 10 meters hald med breisida til. ”Det smalt!!”, og bukken forsvant. Tida stoppa igjen, bomma eg? Han sprang så lett? Etter å ha roa pulsen litt, nærma eg meg staden eg sist hadde sett han. Spora var tydelege, men ikkje blod. Heilt stille i skogen… Ikkje eit vindpust, einaste lyden var dunkinga av pulsen min i hovudet, adrenalin… Tankane går mot historiar om ettersøk og sundskotne dyr, var skotet verkeleg godt plassert? Eg greide ikkje la vere å juble då eg såg ein fot som stakk ut bak ei stor tue. Bukken hadde sprunge 20 meter etter eit reint hjerteskot, og stupt bak ei tue. Men for ein bukk!!!
Sannsynlegvis den største bukken eg nokon gong har sett på Hoem. 11 taggar i eit flott, symmetrisk gevir. Etter slaktinga viste det seg også at vekta vår ikkje gjekk langt nok, så slaktevekta er foreløbig uviss.
Resten av helga har eg tenkt ein heil del, sett for meg situasjonen gong etter gong i hovudet. Kvifor merka han ikkje at eg nærma meg? Kvifor stoppa han etter det første bykset? Er det verkeleg lov å ha så mykje flaks? Ein ting er i alle fall sikkert: Lottokupongen skal leverast så snart som mogeleg!

Thursday, September 17, 2009

Storbukk i skumringa


Gratulerer Toralf!

Det er alltid litt ekstra stas å få sjansen til å legge ned ein storbukk. I år skulle vi ta ut ein over ti taggar, men ingen aktuelle har vist seg sidan jakta starta. I går kveld greide ikkje vår kandidat å holde seg lengre. Mens det endå var skytelys drista han seg ut av skogen og nærma seg kollene i Børstøva. Så langt kom han seg aldri, for Toralf låg og venta, med kaldt jegersinn, og sendte avgårde eit velplassert skot. Bukken stupte, og ga rom for andre oppadstormande bukkar.


Ein kyndig knivmann, Sindre har starta flåinga.

Saturday, September 12, 2009

Smygjakt...

Starten på hjortejakta 2009 har vore over all forventning. 11 felte dyr på 2 dagar!! Må vel vere ny rekord i laget!
I dag snudde lykka til det meir normale, ein jaktmorgon utan eit einaste dyr å sjå. Etter morgonposteringa tok eg meg ein tur rundt Århammaren for å gå dei kjente hjortetråkka der. Det var verkeleg godt å kome seg ut i terrrenget igjen, og eg gler meg allereie til eg skal heim til Hoem på jakt i bratte fjellsider. Yr.no traff uvanleg godt på vermeldinga i dag, og smygjakta i sørvest stiv kuling og høljande regn vart ein ganske våt opplevelse. Men derimot var det ikkje noko problem å bevege seg lydlaust. Nok ein minneverdig jakttur :D

Friday, September 11, 2009

Hjortefall

Starten på jakta i år har vore over all forventning. I løpet av 1 1/2 døgn har vi felt 9 stykker, i tillegg til eit rådyr.
Rocky sitt første møte med ein rådyrbukk, forøvrig den første som er felt på Longva nokonsinne!
Godt vante slaktarar i sving med kniven.

Thursday, September 10, 2009

Første jaktmorgon

Det vart ein veldig bra start på årets hjortejakt. Etter ei regntung natt, letta det litt og dyra viste seg. 4 dyr måtte slaktast, bukk, spissbukk, kolle og kalv.
Nils Arne er godt nøgd med ein fin bukk den første jaktmorgonen!

Tuesday, September 8, 2009

Jaktsjuka - ein sjukdom utan behandlingsform

Den første hauststormen har no meldt sin ankomst. Kvervelar på fjorden, knaking i husveggane og eplene ligg strødd over heile hagen. Hausten er på mange måtar den beste årstida. Eg veit at mange vil protestere på dette, men dette er då mi personlege meining og eg har vel alltid vore litt rar. Fargespelet i fjellsidene, kveldssola og den friske lufta.
Eg vart tidleg glad i å oppholde meg i skog og fjell. Med fire søstre fann eg fort ut at det beste var å pakke sekken med telt og fiskestang og kome meg til fjells. I år har eg dessverre ikkje fått prøvd kreefisket på Hoemsfjellet endå. Men oteren og stanga ligg klar til dyst, så eg må vel berre blinke meg ut ei helg snart.
På torsdag startar hjortejakta, eit av årets store høgdepunkt. Eg trur at mange av arbeidskollegaene til oss i jaktlaget, allereie byrjar å verte lei alt pratet. Eg må nok innrømme at eg sjølv ikke har prata om stort anna dei siste vekene. Vanlegvis er eg så trøytt om kveldane at eg ikkje huskar at eg treff puta, men før jakta blir eg liggande og glise, og tenke på forskjellige jaktsituasjonar. Er det rart at min bedre halvdel av og til kan verte ganske oppgitt?
Jakt er eit følsomt tema. Det er lange tradisjonar for jakt i Noreg, frå dei tidlegaste som jakta for å overleve, til moderne jaktlag som jaktar for å ivareta ein best mogeleg stamme. Grunneigaren sin rett til å hauste frå naturen har alltid stått i fokus, og dette kan lett bli gjenstand for konfliktar i dagens jaktsamfunn. På Longva har vi eit veldig godt forhold mellom jaktlag og grunneigarar, og trivselen i jakta er minst halve opplevelsen. Det hendar eg får spørsmål om kva som er så fascinerande med å skyte ville dyr. Eg vil då snu litt på spørsmålet, og sjå på heilheita. Følelsen av å vere ein del av eit godt innarbeidd og triveleg jaktlag er heilt ubetaleleg. Opplevelsane og inntrykka vi får gjennom mange lange morgonar og kveldar i naturen kan ikkje beskrivast med ord. Personleg så er det frå turar eg ikkje har felt dyr eg har dei største opplevingane. Ein stor del av jakta er behandling og foredling av kjøtet. Her er det rike tradisjonar og mange meiningar, men etter fordeling så er det alltid like kjekt å kunne dele med familie og venner. I skrivande stund er det altså berre to dagar igjen til årets hjortejakt. Overdose med flått, søvnmangel, og vill døgnrytme. Livet er herlig!!!