Friday, March 28, 2008

Solnedgang


Solnedgong over Ulla.

Måtte prøve snøforholda på Skulefjellet ein torsdags ettermiddag ;)

Tuesday, March 25, 2008

Isfiske og kulderekord

Etter ein litt laber start på påska, med magetrøbbel og påfølgande sjukehusbesøk, var endeleg tida komen. Eg hadde gått lenge og sikla etter dei snøkledde romsdalsfjella, og siste påskehelga følte eg at eg kunne sleppe meg laus. Sekken vart pakka med telt og fiskeutstyr, skia vart kledde med feller, og den siste nistesjekken vart unnagjort. Eg og pappa tok farvel med den varme stuå na mor, og la i veg mot Urvatnet, sannsynlegvis mitt favorittvatn året rundt. Oppstiginga var knallhard, med djup laussnø og tunge sekkar. Vi var vel enige om at dei fleste påsketuristar vel litt enklare fjellturar enn den vi hadde planlagt....
Etter 2 timar med tråkking og bæring såg vi seterbua framom oss. Mykje snø og eit strålande vinterver gjorde terrenget akkurat like idyllisk som eg huska frå sist. Etter ein kort stopp på setra sto Urvatnet for tur. Vel framme ved vatnet sjekka pappa isen, mens eg satte opp huslyet for natta. Isen viste seg å bli ein prøvelse i år. 145 cm med is, så vi greide med nød og neppe å lage hol ned til den ventande fisken... Pappa stod forøvrig for den einaste fangsten, med ei fin kree på ca 17 cm.

Kvelden kjem fort i fjellheimen, og etter solnedgang ramla temperaturen godt nedover på minussida. Pappa gjekk ned til setra igjen, mens eg sto åleine att med telt og sovepose. Det skal seiast at i løpet av natta var temperaturen nede i 12 minus....inne i teltet!! Og det var samtidig kulderekord fleire plassar i landet.. Heilt fantastisk!!! Våkna av rapinga til steggen rett utanfor, og kunne utpå morgonen bekrefte at han hadde vore heilt inntil teltet. Beste påsketur på lenge!!!!!

Eg gliser fortsatt for meg sjølv når eg tenker attende på denne turen, heilt rått!!!

Einaste som satte ein liten brems på humøret, var dei 4200 eg måtte ut med for å ha stressa litt på vegen heim til sunnmøre igjen ;)