Tuesday, March 25, 2008

Isfiske og kulderekord

Etter ein litt laber start på påska, med magetrøbbel og påfølgande sjukehusbesøk, var endeleg tida komen. Eg hadde gått lenge og sikla etter dei snøkledde romsdalsfjella, og siste påskehelga følte eg at eg kunne sleppe meg laus. Sekken vart pakka med telt og fiskeutstyr, skia vart kledde med feller, og den siste nistesjekken vart unnagjort. Eg og pappa tok farvel med den varme stuå na mor, og la i veg mot Urvatnet, sannsynlegvis mitt favorittvatn året rundt. Oppstiginga var knallhard, med djup laussnø og tunge sekkar. Vi var vel enige om at dei fleste påsketuristar vel litt enklare fjellturar enn den vi hadde planlagt....
Etter 2 timar med tråkking og bæring såg vi seterbua framom oss. Mykje snø og eit strålande vinterver gjorde terrenget akkurat like idyllisk som eg huska frå sist. Etter ein kort stopp på setra sto Urvatnet for tur. Vel framme ved vatnet sjekka pappa isen, mens eg satte opp huslyet for natta. Isen viste seg å bli ein prøvelse i år. 145 cm med is, så vi greide med nød og neppe å lage hol ned til den ventande fisken... Pappa stod forøvrig for den einaste fangsten, med ei fin kree på ca 17 cm.

Kvelden kjem fort i fjellheimen, og etter solnedgang ramla temperaturen godt nedover på minussida. Pappa gjekk ned til setra igjen, mens eg sto åleine att med telt og sovepose. Det skal seiast at i løpet av natta var temperaturen nede i 12 minus....inne i teltet!! Og det var samtidig kulderekord fleire plassar i landet.. Heilt fantastisk!!! Våkna av rapinga til steggen rett utanfor, og kunne utpå morgonen bekrefte at han hadde vore heilt inntil teltet. Beste påsketur på lenge!!!!!

Eg gliser fortsatt for meg sjølv når eg tenker attende på denne turen, heilt rått!!!

Einaste som satte ein liten brems på humøret, var dei 4200 eg måtte ut med for å ha stressa litt på vegen heim til sunnmøre igjen ;)

Tuesday, January 15, 2008

Tur på Skulen 1.juledag

Hadde ei utrule bra jul i år! Både på øya og heime i Romsdalen. Slappe av heile dagane, og verkele ta se inn igjen etter ei hektisk førjulstid på jobb. Vart nesten litt for mykje avslapping til tider. Må berre innrømme at i tok me ein joggetur for å teste formen før sesongstart....og følte i holdt på å omkomme borti gatå her....
Derfor va det på sin plass med nokre tura i terrenget. Ikkje nødvendigvis for treninga sin del, men kanskje mest for å få opp igjen matlysta sia siste porsjon med surkål og ribbe.

Eine turen vart ein tur på Skulen, 1.juledag. Anna, Marion, svigermor, svigerfar og undertegnede, la i veg med godt mot. Til tross for snømangelen va det skikkele vinterstemning, iskaldt, men tørt og fint. Det so e bra med sånt vær, e at fargene på bilda kjem utrule bra fram. Takk til svigerfar for gode bilder frå turen!

Tuesday, November 20, 2007

Vinter på Hoem

Endelig litt snø.... Fantastisk følelse når snøen ligg tung over hustaka, og det einaste som bryt den kvite flata på markene e spor etter hjorten. Då e d berre å kome se heimover snarast råd! På grunn av ymse skader rundt sesongslutt, he d vorte begrensa m tura i år. Men det gjer berre at'n sett større pris på dei få turane ein rekk over.
Med 40 cm snø va d berre å hive ungane i bilen og peike den mørbanka nasen heimover.

Sunday, September 30, 2007

Dugnad i solveggen

Sommaren he ikkje akkurat vore den tørraste, så ei helg med finever kom godt med. Stillaset he stått oppe sia midt i fellesferien, og no fekk me endele sjansen te å hive på eit par strøk med måling. Men e d ikkje typisk....når fineveret kjem, so e huseigaren handikappa og hoppe rundt på krykker. Men det gjorde ingenting... Største problemet vart å skaffe nok målarkosta! Kompisgjengen stilte villig opp og brukte berre 2 tima på å dekke veggen! 2 strøk med saftig Drygolin ska vel berge huset gjennom vinterstormane her på Sunnmøre.









Huseigaren fungerte som arbeidsledar, strategisk plassert i fluktstol i hagen!

Ein stor takk te alle som sprang i stillaset dessa dagane!!

Friday, September 21, 2007

God fortsettelse på jakta!

Må vel legge ut eit bilde av kolla som datt laurdagskvelden. Godt nøgd med første veka i jakta :D

Thursday, September 20, 2007

Krykker og sykkel.

Som mange sikkert he fått me se, so he i vore ganske plaga med skader av ymse slag opp gjennom åra.. Det he nok mykje å gjer med innsats i forskjellige idretta, so d e ikkje so mange bein igjen i kroppen som e urørte. Fot, tå, hæl, kne, ribbein, fingra, skulder, rygg, nase og hauskallen... Håplaust vil nok mange meine, men i velge å sjå positivt på det og vinkle det mot min etterkvart store kunnskap innen anatomi :D
Siste skot på stammen e asso ein delvis avreven leggmuskel. Dåkter'n meinte at fotballsesongen iallefall va over, trist men leit.
I dessa krykke-tider bjynde i asso å lure på om i ska finne me ein ny hoved-sport. Dåkter'n meinte sykling va bra restitusjon for leggen, men han sa ikkje nåkkå om ka sort sykling...tabbe!! Downhill sykling, va nåkkå av d første so ramla inn i hauet på me :D Så no står terrengsykkel på handlelista, og i dag meldte i me jammen på Birkebeinar'n 2008, 91 km på sykkel i terreng..
Kort sagt: "I e romsdaling i....e'kje so lur i..."

Thursday, September 13, 2007

God start på jakta!

Etter lang tids venting, og kribling i avtrekkarfingeren og radioøret, va endelig hjortejakta der! Samtlige nattlige teljetura støtta opp om teorien vår om at det e bra med dyr på øya. 12 dyr skulle fellast, og i skrivande stund he me allereie felt 8 av dei! Knallstart! Etter ei litt uheldig morgonjakt første dagen, fekk i derimot rikele med flaks utpå kvelden. Fekk sjansen te å legge ned ein stor og fin 8-taggar. Bukken datt, og sikra med det at dei største bukkane får herje rundt i fortsatt nokre sesongar ;) Eit par ekstra oppheng for kjeledressa i garasjen, kjem også godt med!! Hvis jakta blir tidle ferdig her ute, so blir det og meir tid til jakting i romsdalsterrenget :)