Thursday, June 12, 2008

Med fiskestang i handa...

Blir så utruleg rastlaus av å gå sjukemeldt....lei, lei og lei.
Fekk ordre med doktoren å holde me i aktivitet, og gjer ting eg syntes var gøy. Kva er vel då bedre enn å ta seg ein liten fisketur. Etter ei veke heime, i strålande solskinn, tenkte eg at ein tur på Hoemsfjellet kunne vere tingen. Var faktisk så optimistisk om veret at eg tok med tur-hengekøya mi, for å verkeleg slappe av i fin natur. Mamma er eigentleg ganske oppgitt over meg, eg skal liksom ut på tur i ver som gjer at dei fleste med fornuften i behold held seg innandørs. For når eg kom heim til Olasgarden og sjekka meldingane, viste dei store nedbørsmengder og sterk kuling. Heilt supert tenkte eg, pakka sekken og la i veg!
Var som vanleg innom seterbua på veg oppover, og tok med oteren, for å prøve fiskelykka i Trollvatnet. Etter ei stund med god stigning var eg framme ved Trollvatnet, berre for å oppdage at pappa sin spådom var korrekt: fortsatt islagt.
Etter ein kjapp matbit i Røvar-hola tok eg vegen ned til Måsvatnet igjen.


Eg sette opp teltet under Store-steinen og prøvde fiskelykka. Måsvatnet var og delvis islagt, så det vart dårleg med fangst denne dagen. I staden var bålkaffen under hellaren svært fristande. Fekk og besøk av Ole Thomas og Tessi utpå kvelden. Mens regnet hølja ned i strie straumar, sat vi lunt og tørt under hellaren.

Natta var hard vermessig, men teltet holdt nok ein gong stand mot naturkreftene. Etter ein god frokost ved bålet, sette eg kursen nedover igjen. Prøvde fiskelykka i Urvatnet, og hala i land to fine kree på spinnar.
Mange seier eg er litt tullen, og eg byrjar av og til å lure litt sjølv og. Nedturen i høljregn vart ein gjennomvåt opplevelse, men heile vegen gjekk eg med eit glis om munnen, og nynna for meg sjøl på ein god og treffande klassikar:


"Mange blir så deppa på en våt og guffen regnværsdag,

men det blir ikke jeg da blir jeg tvertimot i kjempeslag.

Med fiskestang i handa, med regnfrakk og sydvest,

med lunk på kaffekanna, da liker jeg meg best...."


Kjempetur!!!

Thursday, April 17, 2008

Idyllisk

Ikkje noko å seie på treningsforholda før Birken iallefall...


Sunday, April 13, 2008

Fisketur på Klubben

Søndagen etter ravnejakta, var vi eigentleg huga på endå meir friskluft. Marion og Anna gjekk over Halsane, bestemor og bestefar gjekk over fjellet, Audun, Torbjørn, Kristian og Julianne kom frå Haramsøya, og eg og Mari kjørte rundt øya. Alle møttest på Klubben. Fisket var ubeskriveleg.....dårleg. Ikkje ein einaste liten fiskepinne fann vegen opp til oss og bålet. Då var det bra vi hadde med oss pølser, ertesuppe og kaffe. Kristian hadde til og med pakka med seg poteter og fiskegrateng, kjempegodt!

Ungane leika seg i fjøra, mens vi "voksne" tok livet med ro, og nytte vårlufta i djupe drag! Herleg!!

Ravnejakt på Ullaholmen

Ein laurdag med lite anna å finne på, tok eg og Sveinisen oss ein tur på Ullaholmen. Vi har skadefelling på ravn der, på grunn av skada den gjer på villsaustammen. Ravn må vel vere ein av dei vanskelegaste fuglane å jakte på. Smart og sky, aldri på haglehold...
Dårleg med fangst denne dagen, men vi fekk oss ein god tur i nydeleg ver og natur!
Optimistisk jeger, var iallefall godt med friskluft!!

Sveinisen foran eit stort grågåsreir, med hass eige Yste Flem i bakgrunnen.

Friday, March 28, 2008

Solnedgang


Solnedgong over Ulla.

Måtte prøve snøforholda på Skulefjellet ein torsdags ettermiddag ;)

Tuesday, March 25, 2008

Isfiske og kulderekord

Etter ein litt laber start på påska, med magetrøbbel og påfølgande sjukehusbesøk, var endeleg tida komen. Eg hadde gått lenge og sikla etter dei snøkledde romsdalsfjella, og siste påskehelga følte eg at eg kunne sleppe meg laus. Sekken vart pakka med telt og fiskeutstyr, skia vart kledde med feller, og den siste nistesjekken vart unnagjort. Eg og pappa tok farvel med den varme stuå na mor, og la i veg mot Urvatnet, sannsynlegvis mitt favorittvatn året rundt. Oppstiginga var knallhard, med djup laussnø og tunge sekkar. Vi var vel enige om at dei fleste påsketuristar vel litt enklare fjellturar enn den vi hadde planlagt....
Etter 2 timar med tråkking og bæring såg vi seterbua framom oss. Mykje snø og eit strålande vinterver gjorde terrenget akkurat like idyllisk som eg huska frå sist. Etter ein kort stopp på setra sto Urvatnet for tur. Vel framme ved vatnet sjekka pappa isen, mens eg satte opp huslyet for natta. Isen viste seg å bli ein prøvelse i år. 145 cm med is, så vi greide med nød og neppe å lage hol ned til den ventande fisken... Pappa stod forøvrig for den einaste fangsten, med ei fin kree på ca 17 cm.

Kvelden kjem fort i fjellheimen, og etter solnedgang ramla temperaturen godt nedover på minussida. Pappa gjekk ned til setra igjen, mens eg sto åleine att med telt og sovepose. Det skal seiast at i løpet av natta var temperaturen nede i 12 minus....inne i teltet!! Og det var samtidig kulderekord fleire plassar i landet.. Heilt fantastisk!!! Våkna av rapinga til steggen rett utanfor, og kunne utpå morgonen bekrefte at han hadde vore heilt inntil teltet. Beste påsketur på lenge!!!!!

Eg gliser fortsatt for meg sjølv når eg tenker attende på denne turen, heilt rått!!!

Einaste som satte ein liten brems på humøret, var dei 4200 eg måtte ut med for å ha stressa litt på vegen heim til sunnmøre igjen ;)

Tuesday, January 15, 2008

Tur på Skulen 1.juledag

Hadde ei utrule bra jul i år! Både på øya og heime i Romsdalen. Slappe av heile dagane, og verkele ta se inn igjen etter ei hektisk førjulstid på jobb. Vart nesten litt for mykje avslapping til tider. Må berre innrømme at i tok me ein joggetur for å teste formen før sesongstart....og følte i holdt på å omkomme borti gatå her....
Derfor va det på sin plass med nokre tura i terrenget. Ikkje nødvendigvis for treninga sin del, men kanskje mest for å få opp igjen matlysta sia siste porsjon med surkål og ribbe.

Eine turen vart ein tur på Skulen, 1.juledag. Anna, Marion, svigermor, svigerfar og undertegnede, la i veg med godt mot. Til tross for snømangelen va det skikkele vinterstemning, iskaldt, men tørt og fint. Det so e bra med sånt vær, e at fargene på bilda kjem utrule bra fram. Takk til svigerfar for gode bilder frå turen!