Thursday, April 30, 2009

Fuglekassebygging


Fekk besøk av Torbjørn ein laurdag tidleg i April. Klar beskjed: "Me ska bygge fuglekasse!"
Eg hadde ikkje anna valg enn å lage tre byggesett, eit til kvart ekspedisjonsmedlem. Etter ein del blåtomlar, kjeks og Cola frå Gøss, stod 3 kasser klare til utplassering. Som ekspertane sjølv sa, så var det viktig at kassene kom opp i god tid før fugleungane skulle lære seg å fly :D

Saturday, February 14, 2009

"..cause today was a good day.."

Valgte å sitere ein av mine favorittartistar i dette innlegget, rett og slett fordi eg ikkje kunne kome på noko meir passande å skrive.

Februar, laurdag, massevis av snø....ikkje so mykje meir å gruble på egentlig :D Starta dagen tidleg, spente på meg skia og satte kursen mot Skulen i strålande vinterver. Må innrømme at stigninga var tøff og forma dårlegare enn forventa, men snømengdene i Skulesida gjorde at motivasjonen var på topp. PUDDER!!!
Men veret kan skifte fort i ytre strøk, og før eg nådde toppen snødde det så tett at eg ikkje såg det forsvarleg å fortsette. Eg traff stadig på stein og tuer med skituppane, som eg ikkje kunne sjå, altså ca 1 meter sikt... Måtte bite i det sure eplet, snu og følge sporet nedatt. Men, som så mange gongar før, var det nedturen som var oppturen! Veret letta når eg kom ned i skogen, og eg fekk leike meg i nokre heftige utforkøyringar. Stort!!
Seinare på dagen fekk vi besøk av cafè-gjengen, og alle var enige om at hagen var mykje meir innbydande enn stua. Dette var ein av gongane det lønner seg å ha stor hage. Eit grovt overslag gjer at det faktisk låg bortimot 1500 kubbikk snø på tomta :D
Longvas største snømann tok form, og muligens Longvas skumlaste og... Fantastisk bra utnytting av ein vinterdag!


"...cause today was a good day...."

Monday, January 26, 2009

Den o'store utfordring!

Jaja, det har blitt litt få turar på meg i det siste, grunna mykje jobbing og husbygging, så det har blitt lite blogging på wildlife-fronten. Satsar på å kome sterkare tilbake ganske snart!
I mellomtida har eg altså blitt utfordra av Heidi, så vi får sjå om det kan dukke opp ny og foreløbig ukjent info om underteikna.

Fire jobber eg har hatt:
Fjøsrøktar
Sleggemekanikar
Topplaus servitør :D
Vikar i SFO (fantastisk gøy)
(no: Prosjektingeniør i Rolls-Royce)

Fire filmar eg kan sjå om og om igjen:
Ford Fairlane
Gone in 60 seconds
Transformers (i full HD soklart)
Filmhelsinga frå Davy Watne til Bulle

Fire stader eg har budd:
Gjermundnes
Hoem
Molde
Istad

Fire TV-program/show eg elskar:
Vanskeleg....lite tv for tida, men får gjere eit forsøk..
Rides
Uglen (The Owl, Cartoons Network)

Hmm...vart viss berre 2..

Fire stader eg har vore på ferie:
Val d'Isere
Dyreparken i Kristiansand
London
Hoemsfjellet!!!

Fire websider eg besøker (nesten) kvar dag:
Dagbladet
VG
Sumpen
Tryneboka

Fire stader eg heller ville vore no:
Hoemsfjellet!!!
Jakthytta på Århammaren
Klatreveggen på Befalsskulen på Kjevik
Blådalen på Strandafjellet

Sender utfordringa videre, værsågod! Julianne, Bjørn Kåre, Kai Henrik og Monica :D

Monday, October 13, 2008

Haustfargar


Ruskeveret hindra oss ikkje å utnytte helga. Ferie tilgode er ein bra ting når trangen til å kome seg ut kjem sigande. Dårleg med utteljing denne helga, men snart ventar måneskinnsjakta, og eg håpar inderleg på eit par minusgrader og litt snø :D

Eit par stemningsbilder frå hjorteterrenget heime på Hoem...

Monday, October 6, 2008

Seinhaust på Hoem

Har vore så stressa i haust..... Så no måtte me berre kome oss vekk litt, inn i Romsdalen og sjå korleis det står til på heimgarden. Når me kom over Ørskogfjellet og såg over på solsida av fjorden, såg me at haustfargane var på god veg, og eg kunne knapt nok vente med å klatre opp i hjortelia og kome meg på post.
Marion og ungane var igjen nede med ho Besta, mens eg og pappa tok sikte på hjorteterrenget. Eg gjekk høgst opp i lia, og angra ikkje eit sekund. Flotte haustfargar, og eit yrande fugleliv i timen før mørket kom sigande. Det vart berre nesten denne gongen, to koller og ein kalv passerte 20 meter framom meg, og kom seg heilskinna videre.

Søndagen vart ein roleg dag, med flytting av sauer til nytt beite. Alltid like stas å få vere med Besten rundt på garden. Blidur var i storform og fekk plommer rett frå treet.

Thursday, September 11, 2008

Hjortejakt 2008

Då var endeleg dagen der igjen, eller kanskje rettare sagt natta. Fire timar over midnatt var eg på veg ut døra for å møte gjengen i naustet. Ein etter ein stilte karane opp, meir eller mindre våkne, men alle like ivrige etter å kome i gang med årets hjortejakt. Etter gode teljingar vekene før jakta hadde vi stor trua på at det ville skje mykje dei første dagane.
Det var min tur å vere skikkeleg heldig i år. Etter at posttrekkinga var unnagjort, satte eg i veg mot eine jakttårnet. Det var endå bekmørkt når eg var framme på posten, og satte meg ned for å vente på skytelys. Eg kunne likevel skimte dyra, som var spredd utover heile området, 14 stk totalt. Jaktfølelsen og spenninga var heilt klart til stades!

Etter ein halv time med venting og aktiv bruk av kikkerten, fekk eg sjansen. 3 bukkar kom på skothald..... Treffreaksjonen var tydeleg, og når eg kom fram til dyret telte eg 8 taggar i geviret.

Rett og slett ein pangstart på jakta!

Det sosiale er viktig i jakta. Felles oppmøte før og etter jakt, med kaffe og skitprat. Alle deltek på slaktinga og har som regel veldig mykje gøy på skyttaren si bekostning! Sånn skal det vere!

Thursday, June 12, 2008

Med fiskestang i handa...

Blir så utruleg rastlaus av å gå sjukemeldt....lei, lei og lei.
Fekk ordre med doktoren å holde me i aktivitet, og gjer ting eg syntes var gøy. Kva er vel då bedre enn å ta seg ein liten fisketur. Etter ei veke heime, i strålande solskinn, tenkte eg at ein tur på Hoemsfjellet kunne vere tingen. Var faktisk så optimistisk om veret at eg tok med tur-hengekøya mi, for å verkeleg slappe av i fin natur. Mamma er eigentleg ganske oppgitt over meg, eg skal liksom ut på tur i ver som gjer at dei fleste med fornuften i behold held seg innandørs. For når eg kom heim til Olasgarden og sjekka meldingane, viste dei store nedbørsmengder og sterk kuling. Heilt supert tenkte eg, pakka sekken og la i veg!
Var som vanleg innom seterbua på veg oppover, og tok med oteren, for å prøve fiskelykka i Trollvatnet. Etter ei stund med god stigning var eg framme ved Trollvatnet, berre for å oppdage at pappa sin spådom var korrekt: fortsatt islagt.
Etter ein kjapp matbit i Røvar-hola tok eg vegen ned til Måsvatnet igjen.


Eg sette opp teltet under Store-steinen og prøvde fiskelykka. Måsvatnet var og delvis islagt, så det vart dårleg med fangst denne dagen. I staden var bålkaffen under hellaren svært fristande. Fekk og besøk av Ole Thomas og Tessi utpå kvelden. Mens regnet hølja ned i strie straumar, sat vi lunt og tørt under hellaren.

Natta var hard vermessig, men teltet holdt nok ein gong stand mot naturkreftene. Etter ein god frokost ved bålet, sette eg kursen nedover igjen. Prøvde fiskelykka i Urvatnet, og hala i land to fine kree på spinnar.
Mange seier eg er litt tullen, og eg byrjar av og til å lure litt sjølv og. Nedturen i høljregn vart ein gjennomvåt opplevelse, men heile vegen gjekk eg med eit glis om munnen, og nynna for meg sjøl på ein god og treffande klassikar:


"Mange blir så deppa på en våt og guffen regnværsdag,

men det blir ikke jeg da blir jeg tvertimot i kjempeslag.

Med fiskestang i handa, med regnfrakk og sydvest,

med lunk på kaffekanna, da liker jeg meg best...."


Kjempetur!!!