Thursday, April 30, 2009

Isfiske på Urvatnet

Det har vel eigentleg blitt ein tradisjon. Isfiske på Urvatnet i påska. Tidlegare år har eg hatt med eit par kompisar, pappa, eller eg har reist heilt åleine. Alt har sin eigen sjarm. I år stilte vi mannsterke.
5 staute karar la i veg frå Sætre, etter at Jørn hadde skyssa oss eit stykke med traktor. Tunge sekkar og rotten snø er ein dårleg kombinasjon, så vi fekk verkeleg slite i motbakkane. Men med eit islagt fjellvatn som mål er det ingenting som held oss tilbake. Ein kjapp stopp på Hoemssetra for å hente isbor og ved, for så å fortsette mot vatnet. Tjukkelsen på isen er like spanande kvart år, spesielt i år etter ei lang periode med finever. Mens lavvoen var på veg opp, gjekk eit par mann ut på isen for å prøvebore. Ganske lite is i år, "berre" 85 cm :D Resultatet etter første kveld på isen var 4 fine kree.
Utover kvelden vart det stemning rundt bålet, med grilla laks, bakte poteter og rømme. Bålkjelen var i sving heile tida, så kaffe og noko godt attåt holdt oss varme ut i dei seine nattetimar, akkompagnert av ein fantastisk stjernehimmel.

Vi var nok litt bekymra for veret når vi våkna om morgonen, men etter ein kjapp gløtt ut av lavvoen kunne vi konstatere at dette skulle bli ein strålande dag!
Bålkjelen vart fort varm og frokosten vart fortært.
Ein strålande dag på isen, der enkelte av oss faktisk tassa rundt berre i stillongs og fjellsko, heilt fantastisk!! Fiske var også bra, med unntak av han som stilte med fiskeutstyret, som ikkje fekk ein einaste fiskepinne gjennom isen.
Etter kvart pakka vi saman lavvoen og ramla oss nedover mot sivilisasjonen igjen.
Det er eigentleg vanskeleg å setje ord på ein slik tur...det næraste eg kjem er fantastisk, heilt rått!! Gler meg allereie til neste påske!!

Gåsa 2009

"Gakk gakk!!"..... Er vel eigentleg berre brøla frå storbukkane som kan overgå denne lyden. Lyden av grågås som nærmar seg, heilt fantastisk, spenningsnivået stig brått!

Skadefellinga av grågås tok ei ny vending i år. Forvaltninga skal skjerpast inn, så vi har berre skadefellingsløyver fram til 1.mai. Det må utnyttast...

Etter ei observasjonsrunde på holmen for å finne kvar gåsa oppheld seg, kunne vi konstatere: OVERALT!! Eg har sjeldan sett så mykje gås som i år, og beiteskadene er tilsvarande store. Spenninga var stor då eg smaug meg innpå årets første gås. Vanskeleg å kome på hold, men alt er mogeleg for erfarne jegerar :D Gåsa i siktet....vente.....vente......breisida til.... kontrollere pust...kontrollert avtrekk.... PANG! Gleden av å kome fram til felt vilt er alltid like stor! Dette var den første av 4 denne morgonen. Er ikkje så mange jaktformer som kan konkurrere med gåsejakta... Gler meg til grillsesongen er i gong :D

Ei badeand som ikkje ville bli liggande på land....

Fuglekassebygging


Fekk besøk av Torbjørn ein laurdag tidleg i April. Klar beskjed: "Me ska bygge fuglekasse!"
Eg hadde ikkje anna valg enn å lage tre byggesett, eit til kvart ekspedisjonsmedlem. Etter ein del blåtomlar, kjeks og Cola frå Gøss, stod 3 kasser klare til utplassering. Som ekspertane sjølv sa, så var det viktig at kassene kom opp i god tid før fugleungane skulle lære seg å fly :D

Saturday, February 14, 2009

"..cause today was a good day.."

Valgte å sitere ein av mine favorittartistar i dette innlegget, rett og slett fordi eg ikkje kunne kome på noko meir passande å skrive.

Februar, laurdag, massevis av snø....ikkje so mykje meir å gruble på egentlig :D Starta dagen tidleg, spente på meg skia og satte kursen mot Skulen i strålande vinterver. Må innrømme at stigninga var tøff og forma dårlegare enn forventa, men snømengdene i Skulesida gjorde at motivasjonen var på topp. PUDDER!!!
Men veret kan skifte fort i ytre strøk, og før eg nådde toppen snødde det så tett at eg ikkje såg det forsvarleg å fortsette. Eg traff stadig på stein og tuer med skituppane, som eg ikkje kunne sjå, altså ca 1 meter sikt... Måtte bite i det sure eplet, snu og følge sporet nedatt. Men, som så mange gongar før, var det nedturen som var oppturen! Veret letta når eg kom ned i skogen, og eg fekk leike meg i nokre heftige utforkøyringar. Stort!!
Seinare på dagen fekk vi besøk av cafè-gjengen, og alle var enige om at hagen var mykje meir innbydande enn stua. Dette var ein av gongane det lønner seg å ha stor hage. Eit grovt overslag gjer at det faktisk låg bortimot 1500 kubbikk snø på tomta :D
Longvas største snømann tok form, og muligens Longvas skumlaste og... Fantastisk bra utnytting av ein vinterdag!


"...cause today was a good day...."

Monday, January 26, 2009

Den o'store utfordring!

Jaja, det har blitt litt få turar på meg i det siste, grunna mykje jobbing og husbygging, så det har blitt lite blogging på wildlife-fronten. Satsar på å kome sterkare tilbake ganske snart!
I mellomtida har eg altså blitt utfordra av Heidi, så vi får sjå om det kan dukke opp ny og foreløbig ukjent info om underteikna.

Fire jobber eg har hatt:
Fjøsrøktar
Sleggemekanikar
Topplaus servitør :D
Vikar i SFO (fantastisk gøy)
(no: Prosjektingeniør i Rolls-Royce)

Fire filmar eg kan sjå om og om igjen:
Ford Fairlane
Gone in 60 seconds
Transformers (i full HD soklart)
Filmhelsinga frå Davy Watne til Bulle

Fire stader eg har budd:
Gjermundnes
Hoem
Molde
Istad

Fire TV-program/show eg elskar:
Vanskeleg....lite tv for tida, men får gjere eit forsøk..
Rides
Uglen (The Owl, Cartoons Network)

Hmm...vart viss berre 2..

Fire stader eg har vore på ferie:
Val d'Isere
Dyreparken i Kristiansand
London
Hoemsfjellet!!!

Fire websider eg besøker (nesten) kvar dag:
Dagbladet
VG
Sumpen
Tryneboka

Fire stader eg heller ville vore no:
Hoemsfjellet!!!
Jakthytta på Århammaren
Klatreveggen på Befalsskulen på Kjevik
Blådalen på Strandafjellet

Sender utfordringa videre, værsågod! Julianne, Bjørn Kåre, Kai Henrik og Monica :D

Monday, October 13, 2008

Haustfargar


Ruskeveret hindra oss ikkje å utnytte helga. Ferie tilgode er ein bra ting når trangen til å kome seg ut kjem sigande. Dårleg med utteljing denne helga, men snart ventar måneskinnsjakta, og eg håpar inderleg på eit par minusgrader og litt snø :D

Eit par stemningsbilder frå hjorteterrenget heime på Hoem...

Monday, October 6, 2008

Seinhaust på Hoem

Har vore så stressa i haust..... Så no måtte me berre kome oss vekk litt, inn i Romsdalen og sjå korleis det står til på heimgarden. Når me kom over Ørskogfjellet og såg over på solsida av fjorden, såg me at haustfargane var på god veg, og eg kunne knapt nok vente med å klatre opp i hjortelia og kome meg på post.
Marion og ungane var igjen nede med ho Besta, mens eg og pappa tok sikte på hjorteterrenget. Eg gjekk høgst opp i lia, og angra ikkje eit sekund. Flotte haustfargar, og eit yrande fugleliv i timen før mørket kom sigande. Det vart berre nesten denne gongen, to koller og ein kalv passerte 20 meter framom meg, og kom seg heilskinna videre.

Søndagen vart ein roleg dag, med flytting av sauer til nytt beite. Alltid like stas å få vere med Besten rundt på garden. Blidur var i storform og fekk plommer rett frå treet.