Saturday, February 14, 2009

"..cause today was a good day.."

Valgte å sitere ein av mine favorittartistar i dette innlegget, rett og slett fordi eg ikkje kunne kome på noko meir passande å skrive.

Februar, laurdag, massevis av snø....ikkje so mykje meir å gruble på egentlig :D Starta dagen tidleg, spente på meg skia og satte kursen mot Skulen i strålande vinterver. Må innrømme at stigninga var tøff og forma dårlegare enn forventa, men snømengdene i Skulesida gjorde at motivasjonen var på topp. PUDDER!!!
Men veret kan skifte fort i ytre strøk, og før eg nådde toppen snødde det så tett at eg ikkje såg det forsvarleg å fortsette. Eg traff stadig på stein og tuer med skituppane, som eg ikkje kunne sjå, altså ca 1 meter sikt... Måtte bite i det sure eplet, snu og følge sporet nedatt. Men, som så mange gongar før, var det nedturen som var oppturen! Veret letta når eg kom ned i skogen, og eg fekk leike meg i nokre heftige utforkøyringar. Stort!!
Seinare på dagen fekk vi besøk av cafè-gjengen, og alle var enige om at hagen var mykje meir innbydande enn stua. Dette var ein av gongane det lønner seg å ha stor hage. Eit grovt overslag gjer at det faktisk låg bortimot 1500 kubbikk snø på tomta :D
Longvas største snømann tok form, og muligens Longvas skumlaste og... Fantastisk bra utnytting av ein vinterdag!


"...cause today was a good day...."

3 comments:

Anonymous said...

Det var kjempekjekt å vere på besøk med dåkke og leike oss ute i snøen....og alle snømannane vart no knalltøffe. Har sendt inn bilde til tv2 sin værbilde konkurranse, og håper å få sjå bildet av megasnømannen vår på tv i morgonkveld!!!!!

Øystein said...

Kosa oss stort!
Heilt supert! Ska følge med og sjå :D

Anonymous said...

Ser ut som du hadde en bra dag ja :)
Vart tur til Ørskogfjellet for me på lørdag, plenty med pudder der au!!
(berre synd det e so "flatt" der).

Me må få til ein skikkelig dag på Bjorli eller Stranda snart!