Thursday, October 7, 2010

Det e no flått det...

...men det e ikkje slik som ungdommen lika!
Kontrastane i kvardagen kan vere store. Som jeger trives eg naturleg nok best ute i skog og mark, gjerne fjell, med våpen og ein god kopp krutsterk kaffe. Men også dette gode livet skal finansierast. Arbeidsdagen min går for det meste med på å stirre inn i ein skjerm og lage programkode for ymse applikasjonar. Til tider kan det vere vanskeleg å halde fokus, og dagdrøyminga kan ta overhand. Drøymer om haustfargar, stillheita i naturen, frisk luft….heilt til eg vert riven ut av drøymen av den iltre pipinga som kjem når eg har plassert kaffekoppen midt på tastaturet. Ein dag i forrige veke var ein slik dag…
Eg hadde akkurat plassert bakenden på kontorstolen etter lunsj, og motivasjonen var ikkje heilt på topp. Tankane gjekk mot endt arbeidsdag, og kveldsjakt i skumringa. Det hadde vore betre å sitje på ei tue oppi fjellsida enn kontorstolen akkurat då, eg sat verkeleg dårleg. Prøvde å finne ei betre stilling, men forgjeves, noko var feil… Eg kleia og var låk. Det endte med at eg måtte ut på toalettet og finne årsaka. Det viste seg at eg hadde fått meg ein ny kompis på kveldsjakta dagen før. Ein flått hadde funne sin plass ganske nær…. ehh… der sola vanligvis ikkje slepp til. Etter nokre viktige grep var eg ein kompis fattigare, og kunne igjen plassere bakenden på stolen og prøve å halde fokus.
Det har tatt sin spalteplass i media i år også, flåtten sin invasjon av nordvestlandet. Mange meiner at det er kun ein ting som kan hjelpe: fjerne hjorten. Eg meiner dette berre er tull. Flåtten har alltid vore her, men ikkje alltid like synleg. Dei milde vintrane har nok det meste av skulda. Den kalde perioda i januar-februar gjorde sitt til at det ikkje er på langt nær så mykje flått på hjorten i år som i fjor. Vi får satse på ein ny kvit vinter!
Flåtten i seg sjølv gjer heller ikkje mykje skade. Det er borelia-smitta den kan føre med seg som kan vere farleg. Eg meiner eg har lest at det er ein av ti tusen flått som har denne smitta. Vi hjortejegerar fjerner mange flått i løpet av ein jaktsesong, men eg kan ikkje seie at eg føler meg utrygg, hjortedyra er nemleg ikkje smittebærarar. Eg nektar i alle fall å la dette hysteriet hindre meg i å bruke naturen vidare. Eg vandrar vidare i skog og mark og tar flåtten som den kjem. …helst på litt meir solutsette stader neste gong ;)

3 comments:

Anonymous said...

ÆÆÆSHH :)

SuperMarion said...

Eh.... sa ikkje ej at du ikkje skulle fortelle den historia... hihi...
:*

julianne said...

hehehe....godt skreve øystein :)