Tuesday, March 6, 2007

Isfiske på Hoemsfjellet

Det va ein strålande februardag i romsdalen. Klårveret jaga oss ut av gostolen, og minusgradene surra sammen nasehola. Stormkjøkken, isfiskeutstyr, maggot og seternøkla i sekken...må berre bli bra!

I, Ole Thomas og Tessi La i vei med godt mot, og skikkele trua på storfangst. Målet va Urvatnet, der me he hatt rikele me fiskelykke før, både sommar- og vinterstid. Me trudde vel på forhånd at Tessi sku få kjempe i motbakkane, men det viste se fort at me tobeinte ikkje va i den storforma me trudde me va. Bra d va rikele m tørt skift i sekken.

Etter nåkken obligatoriske drikkepausa, med saft og kvit sjokolade nærma me oss endelig setra. Kaklinga frå steggen som tok te vingane tyde bra for komande jaktsesong :D

Seterbua stod på same plassen som sist, og isboret vart lasta opp før me fortsatte turen mot vatnet.

Urvatnet hadde heller ikkje flytta på se, og me leita oss fort fram te dei gamle goe mea. 95cm is, so me fekk iallefall varmen i oss med litt sveiving. Maggoten vart kjapt lada, og senka ned i isvatnet. Spenninga va t å ta og føle på, og då Ole'n nappa opp ei rekord-kree etter berre 2 minutt trudde me verkele at standarden va satt for dagen! Trua va der, men flaksen va d verre med. Etter eit par tima på isen måtte me søke tilflukt i urane og få varmen i oss igjen før nedturen. Tessi va heller ikkje heilt begeistra for fjelltrekken, og tilbrakte mesteparten av tida på fanga våre med nasen nysgjerrig peikande ned i isholet.

Etterkvart satte me nasen heimover igjen, med 5 overraskande store kree i sekken.

Ein strålande tur, som gjer godt å tenke tebake på når kontorkvardagen innhenta me igjen...


5 comments:

Heidi said...

Gøy å lese, fine bilder =)

Du må åpne for at alle kan kommentere, ikke bare folk med blogg. Det fikser du i innstillingene.

Øystein said...

Jez, då va d fiksa! Godt med litt tips frå erfarne bloggera ;)

Anonymous said...

Der ja, no kan i også kommentere :)
Bra du passe på Heidi. ;)

Fin tur ja, satse på enda bedre fiskelykke neste gang og litt meir "trøkk" i primusen hadde også gjort seg..

Øystein said...

Villmarksmesse neste helg i sunnmørshallen, og muligens isfiske igjen helga etterpå? Klar for ein tur te no, men med ski denna gangen. Og det stormkjøkkenet kan brenne....
Vil ha suppe!

Øystein said...

....og forresten so satse i på å sabotere fiskeutstyret ditt neste gong, sånn at fangsten bli litt jamnare fordelt! ;)