Thursday, September 11, 2008

Hjortejakt 2008

Då var endeleg dagen der igjen, eller kanskje rettare sagt natta. Fire timar over midnatt var eg på veg ut døra for å møte gjengen i naustet. Ein etter ein stilte karane opp, meir eller mindre våkne, men alle like ivrige etter å kome i gang med årets hjortejakt. Etter gode teljingar vekene før jakta hadde vi stor trua på at det ville skje mykje dei første dagane.
Det var min tur å vere skikkeleg heldig i år. Etter at posttrekkinga var unnagjort, satte eg i veg mot eine jakttårnet. Det var endå bekmørkt når eg var framme på posten, og satte meg ned for å vente på skytelys. Eg kunne likevel skimte dyra, som var spredd utover heile området, 14 stk totalt. Jaktfølelsen og spenninga var heilt klart til stades!

Etter ein halv time med venting og aktiv bruk av kikkerten, fekk eg sjansen. 3 bukkar kom på skothald..... Treffreaksjonen var tydeleg, og når eg kom fram til dyret telte eg 8 taggar i geviret.

Rett og slett ein pangstart på jakta!

Det sosiale er viktig i jakta. Felles oppmøte før og etter jakt, med kaffe og skitprat. Alle deltek på slaktinga og har som regel veldig mykje gøy på skyttaren si bekostning! Sånn skal det vere!

5 comments:

Anonymous said...

GRATULERE MED HJORTEN!!!!
DET VAR NO KNALLBRA DÅ!!!!

Øystein said...

Bukker og takker!
Va skikkele heldig denna gongen! Så no e d berre å fullføre med stil ;)

Anonymous said...

Kjempeflott! Men.. du må no lat andre me få sjangsen til å felle et dyr, ikkje ta alle sjøl !
Svigermor :)

Anonymous said...

I inclination not agree on it. I regard as nice post. Expressly the title attracted me to review the sound story.

Anonymous said...

Nice post and this enter helped me alot in my college assignement. Thanks you on your information.