Monday, October 6, 2008

Seinhaust på Hoem

Har vore så stressa i haust..... Så no måtte me berre kome oss vekk litt, inn i Romsdalen og sjå korleis det står til på heimgarden. Når me kom over Ørskogfjellet og såg over på solsida av fjorden, såg me at haustfargane var på god veg, og eg kunne knapt nok vente med å klatre opp i hjortelia og kome meg på post.
Marion og ungane var igjen nede med ho Besta, mens eg og pappa tok sikte på hjorteterrenget. Eg gjekk høgst opp i lia, og angra ikkje eit sekund. Flotte haustfargar, og eit yrande fugleliv i timen før mørket kom sigande. Det vart berre nesten denne gongen, to koller og ein kalv passerte 20 meter framom meg, og kom seg heilskinna videre.

Søndagen vart ein roleg dag, med flytting av sauer til nytt beite. Alltid like stas å få vere med Besten rundt på garden. Blidur var i storform og fekk plommer rett frå treet.

1 comment:

Anonymous said...

kjekt å sjå ny oppdatering!! fine bilder.....og alltid like kjekt å sjå ka dåkke styra med der inne!