Skadefellinga av grågås tok ei ny vending i år. Forvaltninga skal skjerpast inn, så vi har berre skadefellingsløyver fram til 1.mai. Det må utnyttast...
Etter ei observasjonsrunde på holmen for å finne kvar gåsa oppheld seg, kunne vi konstatere: OVERALT!! Eg har sjeldan sett så mykje gås som i år, og beiteskadene er tilsvarande store. Spenninga var stor då eg smaug meg innpå årets første gås. Vanskeleg å kome på hold, men alt er mogeleg for erfarne jegerar :D Gåsa i siktet....vente.....vente......breisida til.... kontrollere pust...kontrollert avtrekk.... PANG! Gleden av å kome fram til felt vilt er alltid like stor!
Dette var den første av 4 denne morgonen. Er ikkje så mange jaktformer som kan konkurrere med gåsejakta... Gler meg til grillsesongen er i gong :D
Ei badeand som ikkje ville bli liggande på land....
2 comments:
Bra side du har lagd :) Og rett så flink å opppdatere og :)
Takk for det :D
Sku gjerne ha oppdatert litt oftare, men e litt stressa for tida, so d bli ikkje like mange tura so i he lyst te..
Post a Comment