Monday, November 16, 2009

Då eg såg Tjostolv i kvitauget

Enkelte dagar har ein flaks, andre dagar ikkje. Eg trur verkeleg eg har fått min porsjon denne jaktsesongen.
Eit par helger etter opplevinga med storbukken, var eg på plass igjen. Eg satsa på å postere i terreng der det var god sjanse for ungdyr, då desse kan bli vanskeleg å få tak i seinare i jakta. Som så mange gongar før la eg i veg frå heimgarden, oppover skogkledde fjellsider. Etter å ha vokse opp på Hoem, og i ettertid ofte er på jakt i terrenget, må eg kunne seie at eg kjenner området som mi eiga bukselomme. Men av og til vert eg overraska.
Denne dagen gjekk eg meg på ei gjørmegrop eg ikkje hadde sett før, med mykje ferske spor rundt. Eg gjekk heilt ut på kanten og sette meg på huk attmed ein stein, fiska fram fotoapparatet og skulle til å ta bilde av gropa. Plutseleg var det noko som braut stillheita i skogen. Det var dyr på veg. Eg rakk ikkje å trekke meg unna, men måtte berre sitje heilt stille attmed steinen. Der, i godt driv gjennom lauvskogen, kom det ein stor bukk farande….rett mot meg! Bukken var stor, 10 taggar, og kraftig over nakken. Han hadde tydelegvis berre eit mål, og brydde seg ikkje om anna. Strake vegen rett ut i gropa, og med eit plask la han seg ned og rulla. Der låg han altså, med ryggen mot meg, 5 meter framom meg. Ein skikkeleg raggete bukk, som der og då fekk navnet Tjostolv. Eg tenkte heldigvis så fornuftig at eg ikkje skaut. Eg kunne lett ha skote den i nakken, men eg ville då aldri ha fått han ut av gropa igjen. Her måtte eg berre holde hodet kaldt og vente på ein sjanse, noko som er lettare sagt enn gjort i ein slik situasjon. Ein god blanding av adrenalin, årvåkenheit og rein redsel! Som eg tidlegare har skrive stoppar tida i ein slik situasjon….
Eg veit ikkje kor lenge bukken låg der, 30-40 sekund kanskje. Mang ein rar tanke susar gjennom hovudet, blant anna ei vurdering om eg rekk å bykse på han før merkar meg. Så kjente han sikkert lukta av meg og la hodet bakover, vrengte nakken for å sjå kva figur som sat rett bak han. Det var då eg såg det kvite i auga på han, noko som vitnar om kor nær eg var. Eg veit ikkje kven som var mest redd, eg eller bukken, då han eit sekund etter sprett opp og byksar over kanten på gropa, for så å ta eit rundkast nedover i oreskogen. Opp på føtene igjen og rasar videre, til han forsvinn i småskogen…

Ved sida av gropa sitt det igjen ein stakkars vettskremt jeger, med pulsen godt over det forsvarlege, og kan knapt tru kva han akkurat har opplevd. Eg var då usikker på om lukta kom frå gjørmegropa, eller om eg rett og slett hadde gjort meg ut…

Bukken låg i gropa lengst ned, mens eg sat bak steinen!

Etter to ”nær-bukken-opplevingar” på knapt to veker, byrjar eg å lure på kva som gjev meg denne tiltrekningskrafta på dei store bukkane. Har eg berre ei stor dose flaks, eller ligg det noko anna til grunn? Er det kroppslukta mi? Treng eg ein vask? Jaja, det er no snart jul, så det kan vel uansett ikkje skade.

2 comments:

Chr said...

Hmm. spørst om du he arva gullhåra has SOU :):)

Jan Egil said...

Du lukta vel so ei brunstig kolle då. :)

Old spicen ditta. :)