Saturday, September 11, 2010

Hjortejakt og nye opplevingar

Sommaren er forbi og dei kjølige kveldane er her, det er haust. Hausten er nok mi favorittårstid, med nydelege fargar i fjellsidene, og ikkje minst hjortejakt. Kveldar med forbereding er forbi, alt utstyr er klart, ei ny jaktbu er på plass, no er datoen her. Jakta er i gong...

Oppmøte i naustet 0430. Ein skulle tru at det er vanskeleg å stå opp så tidleg, men det verkelege problemet er å sove kvelden før. Eit år med ventid er unnagjort og no står vi her igjen, drikk kaffe og et eplekake, trekk postar og er klare for ny dyst.
Allereie på veg ut til posten ser vi mange dyr. Dei gode teljingane har gjort at vi har fått oppjustert årets kvote, 14 dyr bør finne vegen til naustet i løpet av sesongen. Første jaktmorgon endar med ein fin returbukk, som var bra vi fekk tatt ut av stammen.
Ny giv til kvelden! Etter trekkinga i naustet sit eg att med ein lapp i handa der det står "Gravstedet", eller Dassen som vi vanlegvis kallar han. Kor han har fått dette navnet frå veit eg ikkje, men bua kan vel kanskje vere til forveksling lik ein gamal utedass... På kveldsjakt er vel dette ein av dei sikraste plassane, dyra kjem ofte tidleg, lys og god bakgrunn og greie hold. Alt ligg til rette for ein spanande første posteringskveld. Men eg hadde inga aning om kva som venta meg.
Eg hadde ikkje vore på post i meir enn ein halvtime, då eg såg bevegelse i skogkanten. Kolle og kalv på veg rett mot meg, og det er endå lyst og fint. Eg får dei raskt på fint hold, men kalven gjer tinga litt vanskeleg. Enten så står den med bakenden mot meg, ellers så er han for nær kolla. Det ser liksom ikkje ut til at dette er kvelden min, tida går og skytelyset minkar. Men plutseleg plasserer kalven seg, heilt åleine med breisida til. Skotet går og kalven blir liggande. Kolla stiller seg opp rett ved sidan av og skjønar ikkje kva som skjer. Breisida til, eg har godt anlegg og ny patron i kammeret. Skotet går, men eg får med ein gong ein litt ekkel følelse. Blenda av stikkflammen går det nokre sekund før eg ser igjen dyret. Eg rekk akkurat å tenke over kva eg såg i kikkerten då eg trekte av, kolla gjorde eit rykk framover og litt frå meg... Ny patron på plass med ein gong, klar for eit eventuelt nytt skot. Så ser eg igjen kolla, på veg vekk frå meg. Eg mistar ho av syne i skumringa, men heldigvis har vi ein mann på naboposten som følger ho med kikkerten. Kolla sjanglar mot skogkanten, reiser seg opp og går videre, dett ein gong til og blir til slutt borte for oss i skogkanten. Har eg skadeskote? No er det om å gjere å handle korrekt. Eg sjekkar kalven, og møtar jegeren frå naboposten framme ved skogkanten. Vi unngår å tråkke same løypa som kolla med tanke på blodspor. Etter litt speiding må vi berre innsjå at her blir det ettersøk. Vi merker skotplass, tar med oss kalven og møter resten av gjengen i naustet. Eg er ikkje høg i hatten når eg ringer ettersøksekvipasjen.... Natta går utan noko særleg søvn...

Klokka viser 6 om morgonen. Hunden plukker fort ut rette lukta og følger sporet, eg bekreftar at det er rett retning. Etter kort tid når vi skogkanten, og hunden markerer med ein gong. Kolla ligg bak eit tre, 4 meter frå der vi stod og speida kvelden før. Ho hadde gått 150 meter etter eit høgt lungeskot og lagt seg, såvidt i skjul for oss. Akkurat no er eg ein veldig letta mann....
Ein gong måtte vel vere den første. Vi må berre innsjå at alle skot som er løyst mot vilt, kan vere eit potensielt ettersøk. Alle seier at ein aldri skal angre på skot som aldri er løyst, det er alltid betre å vere på den trygge sida. Denne gongen var eg heilt trygg, alt var perfekt, men tilfeldigheitene avgjorde. Etter ein god laginnsats fekk vi ordna opp, og vi er klare til ny jakt til kvelden.

2 comments:

Ravnestad said...

Kjempeflott skrevet, Øystein! Selv om jeg aldri har vært noen jeger selv, har jeg vokst opp med en bestefar som forgudet storviltjakt og har dermed fått jakta litt inn med morsmelka. Det gjør at jeg synes det er artig å følge med dere og høre om resultatet av jakta. Var forresten innom naustet forrige lørdag og så på skrotten til kolla. Feit og fin! Ulempen med dyr som blir liggende over natta slik uten å bli stukket, er at det blir litt blodutredelse og man ofte må skjøre vekk litt kjøtt rundt inngangssåret. Skriv gjerne om flere av jaktopplevelsene!!

Ravnestad said...

SKJÆRE skulle det selvfølgelig stå!