Monday, September 27, 2010

Idyll

Etter ein spanande jaktmorgon, der storbukken overraska meg og suste forbi på 5 meters hold, var eg ganske gira. Kunne ikkje gje oss no.


Klokka var berre såvidt stått opp, skytelyset kom sigande. Eg inntok speidarrolla, mens Roy gjekk opp Brandalsryggen for å postere. Etter observasjon av bukk, kolle og kalv hadde vi følelsen av at det kom til å smelle snart. Men alt skjedde så fort, kolla sprang rett i fanget på Roy og bråsnudde før han rakk å seie "kromkake". ...og borte var dei, rett nedatt i krattskogen, der det er umogeleg å nærme seg. Vi skulle til å gje opp, då eg oppdaga endå ei kolle med kalv. Dei var i ferd med å slå seg til ro på Kannarhaugane, 300 meter unna Roy, med kun åpent lende mellom. Situasjonen var umogeleg, så vi måtte improvisere. Eg la frå meg kikkerten, lada opp og byrja på vegen opp mot Kannarhaugane. Kort veg opp, men bratt nok i til å få igong pulsen. Eg plystra og tralla heile vegen, for å støkke dyra på ein "mjuk" måte, kanskje ville dei ta vegen til Roy som sat høgt og venta? Rett før eg nådde hagen var eg sikker på at dyra hadde reist, men ei lita feilberegning gjorde at dyra fortsatt låg der, 50 meter framom meg, og sov. No var gode rådyr.... ehh.. gode råd....noko sånt... Eg la meg sakte ned i lyngen, kvilte Sabattien på tofoten, og venta. Med 10x zoom såg eg augelokka på kolla rykte i dagdraumen. Øyrene var det einaste som avslørte kalven, der dei vifta vekk flugene over haustlilla røsslyng. Eg tok sjansen, og plystra... gong etter gong, utan reaksjon. Først då eg ropte høgt, vakna kolla og reiste seg. Eit nydeleg syn, stor kolle i soloppgongen, fantastiske fargar, breisida til. Kalven slumra videre, men etter meir plystring fekk eg den på føtene, med raua rett imot, ingen skotsjanse. Eg venta og venta, men dei tusla i veg rett frå meg, rett mot Roy. Eg innsåg at sjansen var borte for min del og sette meg opp og følgde dei med kikkerten. Eit dempa skot bryt morgonfreda og kalven stuper i lyngen. Eit skot til, og kolla går videre til dei evige beitemarker.
Ein stor takk til Kari og ungane som tok turen opp med morgonkaffe til to slitne jegerar, som endå ikkje hadde begynt på den tøffe fraktinga ned frå fjellet. Ein slitsom morgon, men vel verdt slitet.

Kvelden ga også mogelegheit til yngre krefter. Med jaktvest som dekte den rosa dressen, grøn jaktlue og kikkert, var Mari med meg på post. Kjempespennande, sjølv om vi ikkje såg dyr, og uansett ei god historie til skuledagen etter.

1 comment:

Aud og Bjørn Kåre said...

Det va kjekt å sjå karane korleis dei sleit seg bortetter fjellsida med hjorteskrottane etter seg.
Det er vel dette som er retteleg jakt?
Når jegaren må slite med slakt? Det er vel slike turar som gjer kjøtet best?
Så no karar vert det vel fest?