Tuesday, September 8, 2009

Jaktsjuka - ein sjukdom utan behandlingsform

Den første hauststormen har no meldt sin ankomst. Kvervelar på fjorden, knaking i husveggane og eplene ligg strødd over heile hagen. Hausten er på mange måtar den beste årstida. Eg veit at mange vil protestere på dette, men dette er då mi personlege meining og eg har vel alltid vore litt rar. Fargespelet i fjellsidene, kveldssola og den friske lufta.
Eg vart tidleg glad i å oppholde meg i skog og fjell. Med fire søstre fann eg fort ut at det beste var å pakke sekken med telt og fiskestang og kome meg til fjells. I år har eg dessverre ikkje fått prøvd kreefisket på Hoemsfjellet endå. Men oteren og stanga ligg klar til dyst, så eg må vel berre blinke meg ut ei helg snart.
På torsdag startar hjortejakta, eit av årets store høgdepunkt. Eg trur at mange av arbeidskollegaene til oss i jaktlaget, allereie byrjar å verte lei alt pratet. Eg må nok innrømme at eg sjølv ikke har prata om stort anna dei siste vekene. Vanlegvis er eg så trøytt om kveldane at eg ikkje huskar at eg treff puta, men før jakta blir eg liggande og glise, og tenke på forskjellige jaktsituasjonar. Er det rart at min bedre halvdel av og til kan verte ganske oppgitt?
Jakt er eit følsomt tema. Det er lange tradisjonar for jakt i Noreg, frå dei tidlegaste som jakta for å overleve, til moderne jaktlag som jaktar for å ivareta ein best mogeleg stamme. Grunneigaren sin rett til å hauste frå naturen har alltid stått i fokus, og dette kan lett bli gjenstand for konfliktar i dagens jaktsamfunn. På Longva har vi eit veldig godt forhold mellom jaktlag og grunneigarar, og trivselen i jakta er minst halve opplevelsen. Det hendar eg får spørsmål om kva som er så fascinerande med å skyte ville dyr. Eg vil då snu litt på spørsmålet, og sjå på heilheita. Følelsen av å vere ein del av eit godt innarbeidd og triveleg jaktlag er heilt ubetaleleg. Opplevelsane og inntrykka vi får gjennom mange lange morgonar og kveldar i naturen kan ikkje beskrivast med ord. Personleg så er det frå turar eg ikkje har felt dyr eg har dei største opplevingane. Ein stor del av jakta er behandling og foredling av kjøtet. Her er det rike tradisjonar og mange meiningar, men etter fordeling så er det alltid like kjekt å kunne dele med familie og venner. I skrivande stund er det altså berre to dagar igjen til årets hjortejakt. Overdose med flått, søvnmangel, og vill døgnrytme. Livet er herlig!!!

No comments: